Trafikkauke på vel 5 % på Nordhordlandsbrua

Trafikken over Nordhordlandsbrua auka med 5,3 % i første kvartal i år samanlikna med tilsvarande periode i fjor. I alt passerte 715 437 køyretøy over brua i første kvartal, eit snitt pr. døger på 7 949.

I mars var trafikkauken på 4,6 % i høve til fjoråret, og 259 259 køyretøy passerte over brua. Snittet var 8 363 pr. døger. Trafikkauken var størst i februar med 8,2 %, medan auken var 3,2% i januar.

Trafikktala for dei tre første månadene i 2003 er slik:

I januar 2003 var trafikken 229.121 passeringar, eller 7.391 pr døger. Ein auke på 3,2 % i høve til januar 2002.

I februar 2003 var trafikken 227.057 passeringar, eller 8.109 pr døger. Ein auke på 8,2 % i høve til februar 2002.

I mars 2003 var trafikken 259.259 passeringar, eller 8.363 pr døger. Ein auke på 4,6 % i høve til mars 2002.

Sidan Nordhordlandsbrua opna for trafikk den 22. september 1994 (betaling frå 26. sept.) har trafikkutviklinga vore slik:
År - Trafikk - Prosentendring - Snitt pr. døgn
1994 - 583 171 - 6 012
1995 - 2 376 183 - 6 510
1996 - 2 473 134 - 4,1 - 6 757
1997 - 2 589 226 - 4,7 - 7 094
1998 - 2 750 189 - 6,2 - 7 535
1999 - 2 892 558 - 5,2 - 7 925
2000 - 2.947 108 - 1,9 - 8 052
2001 - 3.064 086 - 4,0 - 8 395
2002 - 3.223.542 - 5,2 - 8.832
2003 - 715.437 - 5,3 - 7 949

Stanley Hauge

07.04.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart