Tiltak for triveleg russefeiring

I desse dagar får russen i Hordaland utdelt ein pose med produkt som skal gjere det trivelegare å vere russ. I tillegg har alle vidaregåande skular i Hordaland inngått skriftleg kontrakt med russen om russefeiringa. Dette er andre året slike tiltak blir

Bak desse haldningsskapande tiltaka står hovudrussestyret, Elevorganisasjonen, Hordaland fylkeskommune, dei vidaregåande skulane, politiet og Bergensklinkkene. I 2001 vart ei gruppe, leia av fungerande fylkesopplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld, nedsett for å utarbeide retningslinjer for russefeiringa. Dette har ført til at kvar einskild vidaregåande skule i Hordaland har inngått skriftleg kontrakt med russen om korleis russefeiringa skal leggast opp. I tillegg får russen ein pose med ulike produkt, informasjonsmateriell og hjelpemiddel.

Survival kit
Russen tok sjølv initiativ til å få laga posen, ”Survival kit”, med god hjelp av Hordaland fylkeskommune og Bergensklinikkene. Posen inneheld eit minihefte som er ein guide til ei betre russefeiring. Guiden inneheld nyttige opplysingar om alkoholbruk, korleis unngå ulukker og problem i trafikken, kva du kan gjere for å unngå trøbbel med politiet, litt om vennskap og sex, førstehjelp, viktige telefonar, eit utdrag av knutereglane og viktige datoar for russen. Elles i posen er eit hefte om seksualitet og prevensjon, tannkrem, ein kondom, to multi-vitamintablettar og sjokolade. Posen blir delt ut til alle om lag 3000 russ på dei vidaregåande skulane i Hordaland. I tillegg har russen i samarbeid med Opplæringsavdelinga og russegruppa fjerna dei verste og helsefarlege knutereglane.

Premiering av russ
Fylkesopplæringsdirektøren i Hordaland har avgjort at russ som gjer positivt, haldningsskapande arbeid i russetida, skal premierast. Premieringa vil skje i samarbeid med russen, Opplæringsavdelinga, Bergenspolitiet, Trygg Trafikk og skoleleiinga ved rektor. Det er sett av 10.000 kroner til premiering, som vert fordelt i desse tre kategoriane:
* Sikker russebil ved rebusløpet i Bergen 25.04.
* Russ som gjer godt haldningsskapande arbeid i russetida.
* Kreativitet hos russen under hovudparaden i 17. mai toget i Bergen.

Vi avgrense kommersialiseringa
For å unngå sterkt kommersielt press er det ikkje lov med kjøp og sal på området til skulen. Svein-Erik Fjeld opplyser at granskingar viser at kvar russ brukar mellom 5000 og 25.000 kroner til russefeiring.
- Her går mykje av konfirmasjonspengane med, seier Fjeld som ønskjer å avgrense kommersialiseringa av russefeiringa. Også Elevorganisasjonen er oppteken av redusere kjøpepresset.

Nils Marton Aadland

24.04.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart