
Den 850 år gamle skulen markerte jubileet med mellom anna open dag der tidlegare elevar og andre interesserte var invitert. Størst interesse knytte det seg til det historiske rommet der alle gamle bøker ved skulen er samla, og dei to damene bladde interessert i dei gamle klenodia.
Ikkje offentleg kjent
Undervisingsinspektør I, Jan Støren, fortel at rommet er relativt nytt. Difor har det ikkje vore offentleg kjent at skulen har hatt bøker heilt tilbake til 1400-talet.
- Tidlegare var desse bøkene på Universitetsbiblioteket, men takka vere tidlegare rektor David Lysne har vi fått bygd dette rommet og samla bøkene her, seier ein stolt Støren.
18 år yngre en boktrykkekunsten
I 1474 oppfann Johann Gutenberg boktrykkekunsten. Og den eldste boka i samlinga på katedralskolen er berre 18 år yngre, frå 1492. Det er Æneiden av forfattaren Vergil og handlar om grunnlegginga av byen Roma og dens første historie.
- Så vidt vi veit, er dette den eldste boka i Bergen, seier Støren. Men skulen er og spesielt stolt over ei bok av litt nyare dato.
- I 1792 bestemte den dansknorske kongen at alle stift (fylke) i dei to landa skulle ha ein flora som folkeopplysning. Bergens stift mottok eksemplar nummer 37 av ”Flora Danica”, seier Støren og viser fram boka med teikningar av planter og blomster og teksta med gotisk skrift.
Einaste attlevande
Susanne Bonge og Astrid Utne Sørensen brukte lang tid i det historiske rommet der undervisingsinspektør II, Arve Nilsen, omviste og fortalte om dei gamle bøkene. Dei synest det var kjekt å vere tilbake på den tradisjonsrike skulen som vart grunnlagd av den engelske kardinalen Nikolaus Brekspeare i 1153 for å utdanne prestar og kyrkjelege embetsmenn.
- Skulen har vore gjennom store endringar frå den gong vi gjekk her. Vi kjenner oss ikkje igjen, seier Bonge og Utne Sørensen. Dei er dei einaste attlevande av elevane som tok artium for 72 år sidan. Den gong var det rundt 70 elevar som to artium i bergensområdet, dei aller fleste menn.
Redda bileta til Knud Knudsen
Begge fortel at dei har hatt god nytte av tre år på vidaregåande skule. Utne Sørensen var éi av tre jenter som gjekk på reallina. Etter artium studerte ho biologi og var den første kvinne frå Bergen med biologisk embetseksamen. Bonge gjekk på engelsklina og arbeidde i mange år på Universitetsbiblioteket i Bergen. Ho er mest kjent for å vere den som redda den unike historiske biletsamlinga til Knud Knudsen.
Vann skirenn på Ulriken i 1930
- Då vi gjekk på skulen, var den temmeleg gammal og nedsliten. Moderniseringa byrja på 1930-talet, men det vart ikkje gjort mykje i vår tid. Men vi likte oss på skulen. Det var hyggjeleg å gå her, seier damene.
- Spesielt elevsamfunnet Hugin var populært. Det er ein parallell til elevsamfunnet på Tanks som heiter Munin. Vi hadde møte ein gong i månaden, men det skjedde så mykje at det var som om møta var kva veke, ler Bonge.
- Vi hadde også aktivitetsdagar på skulen. Ein gong hugsar eg vi reiste til Ulriken og hadde konkurranse på ski. Eg vart nummer ein! seier ein stolt Utne Sørensen.
Imponert over den eldste boka
Også for elevane ved skulen var det mykje nytt på den opne dagen.
- Vi hadde høyrt om det historiske rommet og dei gamle bøkene, men dette er første gongen vi er her. Vi er imponert over å sjå den eldste boka i Bergen, seier Paulina Cayo og Pernille Rasch-Olsen Raa, som går i 1. klasse.
- Bergen Katedralskole er ein svært bra og svært spesiell skule. Vi søkte skulen for vi likar faga her og at lærarstaben er godt skulert, mellom anna har dei hovudfag i dei faga vi er interessert i som idrett, norsk, drama og skodespel, seier dei to elevane, som og er imponert over den historiske jubileumsførestellinga som vart vist fram.
Den er skriven og framført av elevane i ein av 3. klassane ved skulen og handlar om historia til skulen og livet i byen opp gjennom åra.
Første protestantiske biskop i Bergen
I førestellinga møter vi mellom anna Gjeble Pederssøn, den første protestantiske biskopen i Bergen, som reorganiserte skulen etter reformasjonen i 1537 og adoptivsønnen hans Absalon Beyer, som både var elev og seinare lektor og rektor ved skulen. Vi får og høyre om brevvekslinga mellom diktarpresten Petter Dass og poeten Dorothea Engelbretsdotter. Førestellinga innheld ein del tablå frå bylivet i Bergen, mellom anna om bybrannen i 1702.
Gjekk tapt i bybrannen i 1702
Men ikkje berre dei som har tilknyting til skulen, møtte fram på den opne dagen. Terje Skrolsvik er historisk interessert og les gotisk skrift på strak arm.
- Eg er interessert i bergenshistorikaren Edvard Edvardsen som var svoger til stamfaren min, doktor Didrik Eckhoff i Trondheim. Her er eg på jakt etter bøker og handskrivne skrifter av Edvardsen, mellom anna hans bergensskildring frå 1694, men eg har ikkje funne noko, seier Skrolsvik.
Jan Støren forklarar kvifor skulen ikkje har slike skrifter.
- Alt det gamle gjekk med i bybrannen i 1702. Det vi har her i dag, er gåver vi har fått i ettertid, seier Støren.
Sjå bilete frå den opne dagen ved Bergen katedralskole
Heimesida til Bergen katedralskole
Bjarte Brask Eriksen