Ny ekspressbuss direkte Bergen-Oslo

Hordaland fylkesutval rår til at søknaden frå Artic Expresse Buss og reisebyrå AS om løyve til ei ny bussrute direkte mellom Bergen og Oslo, vert godkjent. Fylkesutvalet meiner det bør setjast som vilkår at rutetilbodet skal vera tilrettelagt for funksjon

Løyvesøknaden har eit spesielt differensiert takstopplegg, som søkjaren karakteriserer som «lågpriskonsept» – etter mønster frå flyselskapa sine takstopplegg. T.d. vil eit avgrensa tal sete pr. tur verta selde til svært låg pris, i søknaden er nemnt kr 49,-.

Den nye ruta skal gå mellom Bergen busstasjon og Oslo bussterminal, og berre ta med passasjerar mellom desse to haldeplassane. I denne omgang er det søkt om løyve til to avgangar i veka i ein kort prøveperiode, men selskapet tek sikte på å koma med søknad om utvida frekvens etter prøveperioden.

Fylkesutvalet seier i vedtaket sitt dersom det vert aktuelt for den nye ruta å utføra lokaltransport i Hordaland, vil Hordaland fylkeskommune ha høve til å gje ny fråsegn.

Stanley Hauge

30.04.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart