Hordaland fylkeskommune har satsa på å gje eldre eit betre liv. Prosjektleiar Oddgeir Synnes er krumtappen i satsinga. I dagane 3.-5. april er han med på å skipe til den 3. nordiske kongressen om eldrepedagogikk i Bergen. Dessutan er han no ute med boka ”

Det heile starta med dei populære skrivekursa for eldre i 1999. No er 11 kurs gjennomført i Bergen og omegn. Interessa for kursa er så stor at dei eldre fram i eigen regi etter at kursa er avslutta.
Tekstsamling
Med bakgrunn i eldrekursa har Oddgeir Synnes, førsteamanuensis Ragna Ådlandsvik ved Universitetet i Bergen og lektor Odd Sætre skrive boka ”Tonen og glaset. Pedagogisk arbeid med eldre og verbal kreativitet”. Boka gjev ei innføring i fagmetodisk eldrepedagogikk og er samstundes teoretisk fundament for arbeid med poetisk og kreativt språk. Boka er ei lærebok for dei som ønskjer å starte skrivekurs og inneheld og tekstsamling med tekstar av deltakarane på eldrekursa. Boka er utgjeve på Høyskoleforlaget og kan kjøpast hos Oddgeir Synnes på Fylkesbiblioteket.
Eldre er friskare enn nokon gong
Synnes er stolt over at den 3. nordiske kongressen i eldrepedagogikk er lagt til Bergen. Den har fått tema: ”Aldring, mening, mulighet. Læring som eldreomsorg”.
- Eldre lever lengre og er friskare enn nokon gong. Likevel opplever mange at alderdomen i aukande grad blir tappa for sosial og kulturell meining. Bør det vere slik, når nyare forsking viser at eldre har eit stort potensial til læring og framleis utvikling? spør Synnes. Kongressen samlar personar og fagmiljø som er opptekne av at eldre menneske skal få høve til å ta i bruk røynsler og ressursar dei har. Mellom innleiarane er overlege Stein Husebø og forfattar Ebba Haslund. I tillegg kjem fagpersonar frå Noreg, Sverige og Danmark.
Konferansen blir skipa til av Nordisk nettverk for eldrepedagogikk, Prosjekt Eldrepedagogikk og Hordaland fylkeskommune på Rick’s Stuene i Veiten 3 (3. etasje), Bergen. Start 3. april kl. 12.15. Avslutning 5. april kl. 13.00.
Meir informasjon om kongressen og påmelding
Sjå og nettstaden Eldreveven