Hordaland einaste fylke med læremiddelsamling for vidaregåande skule

- Hordaland er det einaste fylket i landet som har læremiddelsamling for den vidaregåande skulen, opplyser spesialpedagog Guri Teien Haugland ved OT/PPT Læremiddelsamlinga til Hordaland fylkeskommune. I 15 år har læremiddelsamlinga markert seg på den fagl

Spesialpedagog Guri Teien Haugland orienterer om tilbodet til læremiddelsamlinga til Hordaland fylkeskommune.

- Vi har jamn tilstrøyming av folk her på den fagleg pedagogiske dagen. Det er nyttig å vere her. Vi får vist fram det vi har av trykte læremiddel, lydmateriell, edb-baserte læremiddel og videofilmar. Tilbodet skal gjere det lettare for elevar, som treng spesialpedagogisk tilrettelagt materiell, å lære. Dette gjeld elevar med lese- og skrivevanskar, elevar med fagvanskar, elevar med eit anna førstespråk enn norsk, og elevar med spesielle behov, seier Teien Haugland.

Orientering for lærarar
Tilbodet fungerer slik at lærarar som har elevar som treng slike hjelpemiddel, tek kontakt med læremiddelsamlinga og kan orientere seg om kva som finst av læremiddel. Teien Haugland gjev og metodiske råd og tips.

- Difor er det viktig for oss å vise oss fram på den fagleg pedagogiske dagen. Hit kjem det lærarar som får orientering om tilboda vi kan gje. Standen vi har her, er eit samarbeid mellom oss, Eiklund kompetansesenter og Vestlandet kompetansesenter. I tillegg er det ein del faglege føredrag her som er nyttige og gjev oss ny viten, seier Teien Haugland.

4. etasje i Fylkeshuset
Til dagleg er læremiddelsamlinga ved biblioteket i 4. etasje i Fylkeshuset. Samlinga er delt inn i kategoriane samfunn, matematikk, engelsk, norsk, studieretningsfag og materiell tilrettelagt for framandspråklege.

Interesserte kan kontakte Guri Teien Haugland på telefon 55 23 94 90 for avtale.

Bjarte Brask Eriksen

15.04.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart