Fylkesutvalet positiv til naturgassanlegg på Kollsnes

Hordaland fylkesutval meiner etablering av LNG produksjonsanlegg i Kollsnes næringspark er viktig for auka distribusjon og bruk av naturgass i Hordaland og på Vestlandet. Fylkesutvalet er positiv til energiforsyning i form av eit kogenanlegg som gjev loka

I Kollsnes næringspark i Øygarden kommune ynskjer Naturgass Vest å etablere eit anlegg der naturgass frå Troll Gassanlegg Kollsnes vert reinsa, tørka og kjølt ned til produktet flytande naturgass (LNG) og transportert til kundar per båt eller trailer. Avfallsprodukt frå produksjonsanlegget vil bli nytta som brenngass i eit kogenereringsanlegg som BKK Produksjon søkjer å etablere. Kogenanlegget vil produsera elektrisitet til LNG-anlegget, samstundes som det leverer varme til oppdrettsanlegget til Cod Culture Norway. Årleg vert det utslepp til luft av 15.000 tonn CO2 og 22 tonn NOx, samt nokre andre gassar. Utslepp til vatn er i hovudsak kjølevatn på 120m3/h. Det er no søkt om utsleppsløyve for anlegga og fylkeskommunen har fått saka på høyring frå Statens Forureiningstilsyn.

Naturgass Vest har under planlegging LNG-terminalar 4 plassar i Hordaland, i tillegg til ein terminal på Sunndalsøra. Bruk av LNG på desse plassene erstatter ulike oljeprodukt, og total sett vil produksjon og bruk av LNG føre til reduksjon i utslepp av NOx og CO2. Satsinga er i tråd med fylkeskommunen sin politikk på området, og i saka rår ein til at anlegga får innvilga utsleppsløyva som omsøkt.

Stanley Hauge

02.04.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart