Fylkeskommunen fordeler 45 mill. kr i regionmidlar til SND og ni kommunar

Hordaland fylkeskommune har fordelt 45 mill. kr av dei 68 mill. kr fylkeskommunen disponerer til regionalt utviklingsprogram for 2003. Statens nærings- og distriktsutviklingsfond i Hordaland (SND) får 32,9 mill. kr og 12,1 mill. kr går til ni kommunar som

Vaksdal (biletet) får nærmare 1,2 millionar kroner.

Fordelinga av kompensasjonen for auka arbeidsgjevaravgift er slik fordelt:

- Fusa kr 1.122.000,-
- Samnanger kr 255.000,-
- Austevoll kr 1.931.000,-
- Vaksdal kr 1.163.000,-
- Osterøy kr 1.231.000,-
- Meland kr 1.074.000,-
- Radøy kr 646.000,-
- Lindås kr 4.030.000,-
- Austrheim kr 681.000,-

Ved fordelinga av kompensasjonsmidlane har fylkeskommunen lagt til grunn same fordelingsnøkkel som då midlane i fjor vart fordelte av Kommunal- og regionaldepartementet.

Midlane som SND får tildelt frå fylkeskommunen skal fordelast etter målsetjinga i det regionale utviklingsprogrammet som fylkesutvalet vedtok 30. januar i år. Priorterte felt i 2003 er nyskapande næringsliv i heile fylket og eksisterande verksemder med potensial for auka verdiskaping, særleg små- og mellomstore bedrifter.

Dei 32,9 mill. kr som fylkeskommunen stiller til rådvelde for SND Hordaland skal fordelast på tre felt:

Nytt næringsliv 13,2 mill. kr
Eksisterande næringsliv 15,0 mill. kr
Felles prosjekt/program 4,7 mill. kr

Midlane til nytt næringsliv kan nyttast i heile fylket, men distrikta skal prioriterast. Prioriterte grupper er kvinner og ungdom i distrikta.
Midlane til eksisterande næringsliv kan berre fordelast til såkalla C-kommunar i SND-systemet, dvs. Etne, Kvinnherad, Odda, Ullensvang, Granvin, Eidfjord, Ulvik, Jondal, Kvam, Voss, Masfjorden, Modalen og Fedje. Prioriterte grupper innan desse kommune er nyetablerte små- og mellomstore verksemder.
Midlane til fellesprogram kan nyttast i heile fylket, men dei såkalla C-kommunane skal prioriterast. Små- og mellomstore bedrifter og etablerar er gruppene som skal ha prioritet.

Stanley Hauge

23.04.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart