Fem rektorar tilsett

Det er tilsett rektorar ved fem vidaregåande skular i Hordaland. Tilsetjingane skjer i samband med den vedtekne samanslåinga av skular og som følgje av ledige rektorstillingar ved nokre skular. To rektorstillingar vert lyste ut.

Grete Markeseth Aasen vert rektor ved den nye skuleeininga som er samansett av noverande Sykehusundervisningen, Osheim skule og Logopedisk klinikk. Markeseth Aasen er no rektor ved Sykehusundervisningen.

Inge Alver vert rektor for skulen som vert samansett av noverande Lindås gymnas og Nordhordland vidaregåande skule. Alver er no rektor ved Nordhordland vidaregåande skule.

Aud Eva Bjørdal vert rektor ved skulen som vert samansett av Laksevåg gymnas og Laksevåg videregående skole. Bjørdal er no rektor ved Laksevåg videregående skole.

Marit Tokheim er tilsett som rektor ved Langhaugen videregående skole. Ho er no rektor ved Lindås gymnas. Per Morten Nordbotn er tilsett som rektor ved Fyllingsdalen videregående skole. Han er no rektor ved Laksevåg gymnas.

Tilsetjingane gjeld frå 1. august i år.

Rektorstillinga ved den nye skulen som er eit resultat av samanslåinga av Bergen yrkesskole og Krohnsminde videregående skole, vert lyst ut. Det vert ny utlysing av stillinga som rektor ved Bergen maritime vidergående skole.

Stanley Hauge

11.04.2003 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart