Sentrale personar på den 3. nordiske kongressen i eldrepedagogikk: Professor Torbjörn Svensson, Sverige (f.v.), førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen, Ragna Ådlandsvik, prosjektleiar Oddgeir Synnes, fylkespolitikar Jørgen Øydvin og senterleiar Kurt Wissendorf Møller, Danmark.
Kongressen samla deltakarar frå Noreg, Sverige og Danmark og dei fremste nordiske ekspertane på området. Den 3. nordiske kongressen i eldrepedagogikk hadde tema ”Aldring, mening, mulighet. Læring som eldreomsorg”.
Utan organisatorisk tilknyting
Jørgen Øydvin meiner årsaka til at dei eldre blir sett utanfor, er at dei manglar organisatorisk tilknyting til samfunnet.
- Eldre er ein ressurs som vi må brukte, seier Øydvin.
Undra oss
Ein del eldsjeler i Bergen har sidan 1999 freista å utnytte ressursane til dei eldre.
- Vi var ei gruppe på universitetet som undra oss over at eldre ikkje var inkludert i samfunnet, fortel førsteamanuensis Ragna Ådlandsvik ved Institutt for praktisk pedagogikk. Dette førte til det første skrivekurset for eldre. Den andre krumtappen i skrivekursa var lektor Oddgeir Synnes. Hordaland fylkeskommune engasjerte seg og i skrivekursa.
Kan forseinke byrjande demens
- I skrivekursa har vi lagt vekt på skapande, kreativt språk. Deltakarane er frå 60 år til langt over 90. Det er stor spennvidde både i alder og interesser, seier Ådlandsvik.
Lektor Synnes legg til at dei og har hatt skrivekurs for eldre med byrjande demens med svært godt resultat.
- Skrivekursa kan forseinke byrjande demens, seier Synnes.
Alderdom er ikkje forfall
Den svenske professoren Torbjörn Svensson oppsummerer det slik:
- Tidlegare har vi sett på alderdom som forfall. No opplever vi læring som noko vi kan ha heile livet, også i alderdomen. Eigentleg skulle vi ikkje bruke omgrepet ”eldre”. Sjølv om vi blir eldre med åra, er vi dei same menneska. Vi er kompetente og har kunnskap. Potensialet vårt forsvinn ikkje med alderen. Vi opprettheld intellektuell kapasitet sjølv om vi blir fysisk redusert når vi blir eldre, seier professor Svensson.
Tre dagar i Bergen
Den 3. nordiske kongressen i eldrepedagogikk gjekk over tre dagar i Bergen. Arrangementskomiteen er det nordiske nettverket for eldrepedagogikk med Oddgeir Synnes frå Noreg, Torbjörn Svensson frå Sverige og senterleiar Kurt Wissendorf Møller ved det eldrepedagogiske nettverket i Danmark. I tillegg var Prosjekt eldrepedagogikk i Bergen og Hordaland fylkeskommune med som arrangør.
Meir informasjon på eldreveven

Bjarte Brask Eriksen