På vegner av innbyggjarane i Hordaland er eg både skuffa og sint over at utsleppa av radioaktivt Technetium 99 held fram ved Sellafield-verket i Storbritannia, sa fylkesordførar Gisle Handeland under generalforsamlinga til konferansen for kystregionar i E

Lureri
Fylkesordførar Handeland trekte fram at etter Nordsjøkonferansen i Bergen tidlegare i år, hadde ein verkeleg tru på at utsleppa av atomavfall frå Sellafield i alle fall skulle stoppast inntil vidare. — Ja, vi trudde faktisk at den britiske regjeringa ville stoppa utsleppa for godt og introdusera nye måtar å ta hand om avfallet på. Dessverre må eg seia, ser vi no at den britiske regjeringa seier ein ting og eigaren av Sellafield-anlegga, BNFL, gjer noko heilt anna. Vanlege folk kallar dette lureri, sa Handeland på konferansen i Ioannina.
Må få stoppe desse øydeleggingane
Han heldt fram: — Vi kan ikkje og skal ikkje akseptera denne situasjonen lenger. På vegner av borna våre og deira born att, må vi få stoppa desse øydeleggingane. Utsleppa vil vera til skade for tusenvis av framtidige generasjonar. Ikkje berre i Nordsjøen, men også i områda til våre allierte i denne saka, frå Irskesjøen til Barentshavet.
— Vi kan ikkje lenger gambla med den felles framtida vår. Radioaktiv ureiing i dei mest produktive havområda i verda må stoppast – straks, sa Handeland. Han nemnde også at han for kort tid sidan – kanskje på tvers av all diplomatisk protokoll – skreiv brev til den britiske statsministeren og oppmoda han om å gripa inn. Eit brev frå ein norsk fylkeskommune er kanskje mindre viktig for Tony Blair, men vi må rett og slett uttrykkja den djupe uroa vår og den aukande frykta og sinnet vårt.
Stanley Hauge