Mange innvandrargrupper har brakt med seg ein måte å tenke og leve på som er framand for etnisk norske nordmenn. Korleis ser vi på denne ”annerledesheten” er bakgrunn for denne regionale konferansen.
Inviterte kommunar er Askøy, Fjell, Sund, Øygarden og Bømlo. Målgruppa er offentleg tilsette og friviljuge organisasjonar og samarbeidspartnarar som er i kontakt med innvandrargrupper.
Tema for konferansen:
Kommunikasjon og dialog
Tillit og samhandling i eit lokalsamfunn
Kvifor får ikkje mange barn delta i fritidsaktivitetar, skuleturar og idrettsdagar?
Kva bør vi som skipar til slike aktivitetar vere medvite på?
Korleis kan vi skilje mellom kulturkonfliktar og situasjonskonfliktar?
Korleis gjev eg informasjon og korleis blir den forstått?
Personaldirektør Geir Davidsen i Hordalands fylkeskommune skal innleie, mens hovudføredragshaldar er Loveleen Kumar, forfattar av bøker om temaet og ein velkjend føredragshaldar.
Konferansen blir skipa til i samarbeid mellom Askøyfestivalen, Askøy kommune og Hordaland fylkeskommune onsdag 9. oktober kl. 11.30 til 18.00 i Møllesalen, Strusshamn.
Nettadresse: http://www.askoy.com
Bjarte Brask Eriksen