
Odelstingspresident på Stortinget, Ågot Valle (t.h.) deltok på opninga saman med fylkesvaraordførar Torill Selsvold Nyborg og barneverndirektør i Hordaland fylkeskommune Arne Andersen.
Utruleg kjekt
- Det er utruleg kjekt at dette skjer i samarbeid mellom fylkeskommunen, kommunen og staten. Min jobb blir å gjere dette tiltaket kjend over heile landet, sa odelstingspresidenten som og lova å gjere Stortinget merksam på dette positive Hordaland fylkeskommune har fått til.
Utan forvarsel
Representantar for alle tre forvaltingsnivå deltok under den offisielle opninga av tiltaket for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar i Welhavensgate i Bergen. Eigentleg skulle barne- og familieminister Laila Dåvøy opne tiltaket. Ho har følgt arbeidet med oppbygging av tiltaket med argusauge og bad spesielt om å bli invitert til opninga, men måtte diverre melde forfall. Det vekte difor stor glede då odelstingspresidenten i Stortinget dukka opp utan forvarsel.
- Eg hadde høyrt om dette gode tiltaket, og då eg var i Bergen, måtte eg kome innom og sjå kva dei har fått til, seier Ågot Valle, som var svært imponert etter å ha fått omvising og innføring i arbeidet som blir gjort.
Positive resultat
EM-tiltaket Welhavensgate har 10 stillingar og plass til 4 ungdommar mellom 15 og 18 år. Ungdommane skal bu i tiltaket frå tre til seks månader. Målet er å få til positiv integrering gjennom eit meiningsfylt mottaksopplegg og ei langsiktig omsorgsløysing. Opplegget går ut på å ta vare på kulturell eigenart, utvikle sjølvstende og hjelpe den unge til å utvikle seg i Noreg. Etter at opphaldet i EM-tiltaket er over, overtek Bergen kommune ansvaret.
Høgare trivsel, færre konfliktar
Fylkesvaraordførar Torill Selsvoll Nyborg sa i talen sin at målet er å gje ungdommane gode føresetnader for å greie seg sjølve i det norske samfunnet.
- Eg trur at dette unike tilbodet vil verke positivt til dette og at ungdommane vil oppleve å bli ivaretekne som ”det heile mennesket” dei er. For dei seks som alt har fått tilbod gjennom tiltaket, ser vi ei positiv utvikling. Trivselen er høgare og konfliktnivået er mindre. Ungdommane har større medverknad på ein eigen situasjon, og dei deltek i ulike oppgåver som er tilpassa deira meistringsevne, sa fylkesvaraordføraren.
Oppglødde tilsette
Leiar av barnevernet i Bergenhus bydel, Svanhild Alver, sa at Bergen kommune har svært godt samarbeid med fylkeskommunen og at alle er svært nøgde.
Magnhild Hollund hos Fylkesmannen var og svært positiv.
- Eg har vore her på tilsyn på EM-tiltaket, og det var ei glede å kome hit. Det viser kor godt samarbeidet mellom forvaltingsnivåa er. Dei tilsette er oppglødde og set kunnskap ut i haldning. Ungdommane har vern, tryggleik og fridom. Dette har vi rapportert vidare til våre overordna, sa Hollund.
Frå 10 til 15
Atle Berge i Utlendingsdirektoratet (UDI) var og svært godt nøgd med tiltaket, så nøgd at dei har sendt søknad om Bergen kommune kan auke mottaket av einslege mindreårige frå 10 til 15 ungdommar i året.
Barneverndirektør Arne Andersen i Hordaland fylkeskommune er glad for den store interessa for tiltaket og understrekte at det er viktig med godt samarbeid for å kunne lukkast.
Sjå bileta frå opninga i stort format
Bjarte Brask Eriksen