Kommuneplankonferanse for Hordaland

Kommuneplankonferansen 2002 går av stabelen i Bergen 22. og 23. oktober. Konferansen er ein møteplass for alle som arbeider med planlegging og er ei oppfølging av konferansen i fjor.

Evaluering av konferansen i fjor synte at det var trong for ein slik møteplass og at planmiljøet i Hordaland etterspør denne typen møteplassar.

Konferansen i år tek opp tilhøva mellom plan og politikk. Første dag har eit program som er lagt opp særskilt med tanke på politikarane i kommunane og fylkeskommunen, men burde vere like aktuell for administrasjonen.

Andre dag er tema konkret kva som skjer i planlovutvalet, i fylkeskommunen og hos fylkesmannen innanfor planleggingsspørsmål. Tre parallelle sesjonar tek for seg bustadtilgangen i Bergensregionen, kulturminneforvaltning og planlegging i distriktskommunane.

Programmet er utvikla i samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland.

Målgruppe: Kommunepolitikarar, kommuneplanleggjarar og sakshandsamrarar i plansaker i kommunane, konsulentar innan planlegging, og regionale fagorgan

Konferansen blir skipa til 22. og 23. oktober på Bergen Kongressenter, i Håkonsgaten 3-5 i Bergen.

Påmelding på faks til Hordaland fylkeskommune 55 23 90 01 eller e-post til maybrit.hollevik@post.hfk.no innan 10. oktober.

Konferansen kostar 250 kroner pr. dag, pluss 200 kroner for middag om kvelden første dag. Scandic Hotel Bergen City tilbyr rimeleg overnatting, telefon 55 30 90 80/90

Program og påmeldingsinformasjon (pdf)

Påmeldingsblankett (pdf)

Bjarte Brask Eriksen 29.09.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart