Komité for kultur og helse ser positivt på ein museal funksjon for Ekserserhuset, og rår til at huset blir plassert på Koengen.
Det ligg førebels ikkje føre noko fullgodt framlegg til plassering av Ekserserhuset. Komité for kultur og helse viser til nytt framlegg til museumsplan for Hordaland, som inneheld framlegg om at bygget får ein museal status som del av eit Bergen Bymuseum. I saka vert det tilrådd at Ekserserhuset framleis vert liggjande lagra med tanke på resultatet av høyringa for museumsplanen. Dersom dette likevel ikkje let seg gjennomføra, må Bergen kommune arbeida vidare med å finna ei sentral tomt for huset for å etterkoma vilkår for at Riksantikvaren godtok mellomlagring.
I tilrådinga heiter det at det er viktig at Ekserserhuset får ei plassering som ivaretek husets historie som bymilitært kulturminne og som kulturhus. Ei framtidig plassering ved Norhordlandsbrua kan ikkje imøtekoma desse premissane. Ein museal funksjon for huset med plassering på Koengen er det beste alternativet. Framlegget må sjåast i samanheng med høyringa for ny museumsplan for Hordaland.
Saka skal opp i fylkesutvalet i møte den 12. september.
Les heile pressemeldinga frå komiteen
Eli Lothe