Gamle trebåtar skal ikkje på bålet

Gamle oselvarar og strandebarmarar bør ikkje hamne på St. Hans-bålet, men takast vare på. Det ønskjer Bergen yrkesskole å gjere noko med og tilbyr kurs i reparasjon og bygging av trebåtar.

Bergen yrkesskole har den seinare tida fått mange førespurnader om eit kurs i reparasjon av klinkerbygde trebåtar på under 18 fot. For å imøtekome denne etterspurnaden set skulen i gang eit kurs på 90 timar denne hausten. Bergen yrkesskole ønskjer at gammal og god kunnskap om trebåtar ikkje skal gå tapt og at folk sjølv kan utføre enkle reparasjonar av eigen båt og dermed ta vare på gammal kultur.

16 kursplassar
Kurset har 16 plassar. Etter endt kurs får kursdeltakarane kursbevis som trebåtreparatør. Kurset høver også for jenter. Deltakarane kan ta inn eigne båtar på kurset for reparasjon.
Innhaldet på kurset blir båtbygging, trebåtreparasjon og vedlikehald av trebåtar. I tillegg blir det bygt ein ny strandebarmar på kurset, slim at alle kursdeltakarane får grundig innføring og kjennskap til bygging av trebåtar.

Verkstad på Haukeland
Kurset blir halde på verkstaden til båtbyggjar Jan Olav Fjærestad i Hardangerveien 525 på Haukeland ved Arna (tlf 55 24 08 99, gratis parkering)
Kurset startar onsdag 25. september frå klokka 18.00 til 22.00 og går over 90 timar kvar onsdag og torsdag fram til 5. desember.
Påmelding og meir informasjon hos Bergen yrkesskole på telefon 55 59 51 40/5000 eller faks til 55 59 51 00 (kursavdelinga).

Bjarte Brask Eriksen

24.09.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart