Fylkesutvalet vil ha mellombels plassering av Ekserserhuset ved Nordhordlandsbrua

Eit fleirtal på 10 i Hordaland fylkesutval vil ha mellombels plassering av Ekserserhuset ved Nordhordlandsbrua. Mindretalet på fem vil heller ha det permanent på Koengen.

Tom-Christer Nilsen (H) stilte forslaget om mellombels plassering ved Tellevik kystfort ved Nordhordlandsbrua fordi han meiner det ikkje er realistisk å få huset plassert på Koengen eller i Gamle Bergen i næraste framtid. Men i løpet av dei neste fem åra ber han om at det blir funne høveleg plassering i Bergen sentrum eller i Gamle Bergen.
Dei som støtta forslaget til Nilsen var A, H og KrF. Mindretalet var V, SV, Sp, Frp og den uavhengige Sigrun Sangolt Natås.

Fleirtalet ser det som viktig å få huset gjenreist. Det er betre at det står mellombels ved Nordhordlandsbrua enn at det ligg nedpakka. Den historiske verdien til huset må takast vare på. Difor er det viktig at det skjer i ein aktiv bruk av bygningen. Ekserserhuset har ein kultur- og militærhistorisk plass i Bergen sentrum. Fleirtalet ønskjer difor at huset skal plasserast her i sitt tradisjonelle miljø. Både Koengen og Gamle Bergen er begge gode alternativ, men pr. i dag er det ikkje realistisk å få til slik plassering på kort sikt. Difor må huset mellombels setjast opp ved Trellevik kystfort. Plasseringa der må ta omsyn til historia og tilstanden til huset.

I løpet av dei neste fem åra ber fleirtalet om at det blir funne høveleg plassering i Bergen sentrum eller i Gamle Bergen.

Les heile pressemeldinga frå fylkesutvalet

Bjarte Brask Eriksen

12.09.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart