Fylkesutvalet godkjende opplegg for Hardangerbru-utgreiing

Hordaland fylkesutval har slutta seg til opplegget for gjennomføring av konsekvensutgreiinga om Hardangerbrua. Vedtaket vart gjort med 12 mot ei røyst (SV).

Eit forslag frå Bjørn Lothe (SV) som hadde ei rekkje atterhald og tilleggskrav i høve til opplegget som er skissert for utgreiingsprogrammet, fekk ei røyst og fall. SV ynskjer ei breiare utgreiing enn det er lagt opp til.

Hordaland fylkesting vedtok 13.juni 2001 i samband med handsaming av handlingsprogrammet til Nasjonal transportplan 2002-2011, å be Statens vegvesen om å setja i gang abeid med oppdatering av planane for Hardangerbru.

På grunnlag av dette vedtaket har Statens vegvesen utarbeidd melding om konsekvensutgreiing (KU) etter Plan- og bygningslova. Meldinga er nå sendt på offentleg høyring.
Ho inneheld eit oversyn over bakgrunnen for planarbeidet, kva problemstillingar som bør greiast ut i samband med KU, samt eit framlegg til utgreiingsprogram for tiltaket. Utgreiingsprogrammet skildrar kva tema som skal greiast ut, avgrensing av tiltaket og kva data og metoden som skal leggjast til grunn for utgreiingane.

På grunnlag av meldinga og innkomne merknader skal Statens vegvesen Hordaland i samråd med Miljøverndepartementet, fastsetja endeleg utgreiingsprogram. Siktemålet er å få klar godkjent KU og reguleringsplan innan neste rullering av Nasjonal transportplan (2004).

Magnar Lussand (Sp) deltok ikkje ved fylkesutvalet si handsaming av denne saka. Lussand ynskjer at fylkesrådmannen skal utgreia om han som arbeidande styreleiar i Hardangerbrua (som er heileigd av det offentlege) er ugild når saker knytt til brua vert handsama.

Stanley Hauge

02.09.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart