Fylkesrådmannen vil setja i verk sparetiltak som har varig verknad

Hordaland fylkeskommune sine økonomiske rammer vert lågare i 2003 enn i år, og dei går endå meir ned i 2004 og i åra deretter. På denne bakgrunn må vi i 2003 setja i verk tiltak som gjev god innsparingseffekt alt det komande året, og ytterlegare verknad

– Så fylkeskommunen må rett og slett få driftsutgiftene ned på ei lågare nivå for mange år framover?
– Ut frå den økonomiske situasjonen Hordaland fylkeskommune er i og ut frå dei rammer regjering og Storting legg opp til framover, er det heilt klart at vi må redusera utgiftene våre. 2003 vert eit vanskeleg, men ikkje eit spesielt år. Det komande året vert første steg på vegen mot eit varig lågare utgiftsnivå, seier fylkesrådmann Nilsen.

2003 er eit spesielt år
Fylkesrådmannen seier at dersom 2003 var eit spesielt år når det gjeld trong for innstramming, kunne tradisjonelle sparetiltak truleg gje tilstrekkeleg effekt for å få balanse. Men med dei økonomiske utsiktene som er nemnt ovanfor, er det einaste fornuftige å gjennomføra tiltak i 2003 som får full verknad frå 2004 og utover, understrekar fylkesrådmannen.

Kutte 90 millionar kroner
Av fylkesutvalssaka om budsjettrammene for 2003-2006 gjekk det fram at fylkeskommunen sine driftsutgifter må kuttast med 90 mill. kr i høve til årets budsjett.
– Korleis skal dette kuttet på nærare 3 prosent av driftsutgiftene gjennomførast?
– Budsjettproblemet er for stort til å nytta ostehøvel. Vi må gjennomføra strukturendringar som har effektiviserings- og rasjonaliseringsgevinst, og som ikkje råkar brukarane. Vi må sjå om det er verksemd som vi ikkje skal driva vidare, eller som vi kan leggja om og driva på annan måte, seier fylkesrådmann Nilsen.

For dyr drift
– Driv fylkeskommunen for dyrt i dag eller er det inntektene som sviktar?
– Vi driv heilt klart for dyrt i høve til dei midlane vi har til disposisjon, og ikkje minst i høve til utsiktene framover. Kommunalministeren har gjeve uttrykk for at budsjettopplegget for kommunar og fylke vert stramt. Denne klare meldinga, i tillegg til at rammene frå før er tronge, gjer det soleklart at vi må budsjettera ut frå det vi veit vi får neste år og ikkje ut frå det vi kan håpa på.

– Kvar vil nedskjeringane koma?
– Med dei store utfordringane vi har, så nyttar det ikkje å løysa dei ved å kutta i ein liten sektor. Vi må sjå til dei store sektorane – som no er opplæring og samferdsel – og leggja storparten av kutta der. Men innstrammingane vil ramma heile verksemda vår, alle sektorar må yta sitt.

Ingen realisme
– Kva med sparing på innkjøp og kutt i administrasjonen?
– Politisk lettvinte løysingar som betre innkjøp og kutt i administrasjonen gjev oss ingen realisme i å løysa budsjettutfordringa Hordaland fylkeskommune står overfor, trass i at kutta i administrasjonen vert større enn nokon gong før, seier fylkesrådmann Nilsen, og legg til: – Betre innkjøp er eit kontinuerleg arbeid som ikkje bør forskotterast i budsjettprosessen.

Fylkesrådmannen sitt budsjettgrunnlag for 2003 vert lagt fram tysdag 1. oktober.

Stanley Hauge

27.09.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart