Hordaland fylkesutvalet har med åtte mot sju røyster vedteke eit forslag frå Atle Mildestveit (V) om at fylkesrådmannen til fylkestinget 15.-16. oktober skal formulera ein konkret søknad om forsøk med einskapsfylke, dvs. ei felles organisering av fylkesko
I vedtaket heiter det at søknaden skal ha førebels karakter og bidra til å betra avgjerdsgrunnlaget for fylkestinget.
Dei som røysta for forslaget var dei åtte representantane for Høgre (3), Venstre (2), SV (1), Frp (1) og Sigrun S. Natås. Mindretalet på sju (Ap og Krf) støtta eit forslag frå Turid Visnes (Ap) om at fylkesutvalet ikkje ser grunn til å fremja søknad om forsøk med einskapsfylke.
Stanley Hauge