Fylkesordføraren i brev til Tony Blair: Stopp utsleppa frå Sellafield

Fylkesordførar Gisle Handeland i Hordaland reagerer svært sterkt på dei nye opplysningane om utslepp av radioaktivt avfall frå Sellafield-anlegget og ber i eit brev til statsminister Tony Blair om at utsleppa straks blir stoppa.

I brevet reagerer fylkesordføraren skarpt på at utsleppa av radioaktivt avfall har halde fram og ber den britiske statsministeren gripe inn for å hindre vidare utslepp frå anlegget.

I brev til miljøvernminister Børge Brende gjev Handeland greie for brevet som er sendt til dei britiske styresmaktene. Handeland seier seg glad for at miljøvernministeren har reagert raskt og ber norske styresmakter umiddelbart vurdere å gå til rettslege skritt mot dei ansvarlege.

Vedlegg:

Kopi av brev til statsminister Tony Blair

Kopi av brev til miljøvernminister Børge Brende

Bjarte Brask Eriksen

13.09.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart