Fokus på trafikksikringsarbeid

Landskonferansen ”Trafikksikkerhetsfokus” blei arrangert i Bergen i 17. og 18. september. På konferansen blei det mellom anna fokusert på oppfølging av Handlingsplan for trafikksikring i fylka, og korleis politikarane ønskjer å samarbeide om temaet.

Trafikksikkerhetsfokus, TS-Fokus, blei arrangert av Statens vegvesen i samarbeid med Politiet og Trygg Trafikk. Rundt 160 fagfolk og politikarar tok del. I opningstalen kom fylkesvaraordførar Torill Selsvold Nyborg inn på ulike sider av trafikksikringsarbeidet i Hordaland.

Handlingsplan viktig
- Her i Hordaland har vi ein handlingsplan som gjeld ut dette året, men eg må beklaga at arbeidet med ein trafikksikringsplan for dei komande fire åra ikkje er kome skikkeleg i gang. Det skal vi ta fat på no. For alle som driv med trafikksikringsarbeid er det viktig at det ligg føre ein handlingsplan som er med på å leggje premissar for dette viktige arbeidet, understreka Selsvold Nyborg.

Ho kommenterte også den politiske organiseringa av trafikksikringsarbeidet.
- I Hordaland har vi lagt det politiske ansvaret for trafikksikringsarbeidet til Komité for miljø og samferdsel, som er fylket sitt trafikksikringsutval (FTU). På vegen fram til politisk handsaming av trafikksikringssaker blir sakene lagt fram for fylket sitt trafikksikringsråd (FTR). Dette rådet er stort sett samansett av representantar frå dei organa som tidlegare sat som konsultative medlemer i fylkeskommunen sitt trafikksikringsutval. Dette er praksis i dei fleste andre fylke som ikkje har eigne trafikksikringsutval. Etter vår meining fungerer denne ordninga godt. Trafikksikringsrådet har og fullmakt til på eiga hand å vurdera søknader om tilskot eller støtte til organ eller interesseorganisasjonar i samband med konkrete trafikksikringstiltak. Dette kan vere alt frå opplæring til haldningskampanjar, sa fylkesvaraordføraren.

Eigne trafikksikringsutval
Frå fagmiljøa innan trafikksikring har det frå tid til anna vore stilt spørsmålsteikn ved at nokre fylkeskommunar ikkje har eigne FTU, og om dette kunne påverka kva fokus dei ulike fylkeskommunane har på trafikksikring.
- Eg tør i dag ikkje å svara på om vi her i fylket kunne gjort ein betre jobb om vi hadde fortsett med eit FTU. Men eg vil gjerne peike på at vi, trass i svært vanskelege økonomiske tider, ikkje har redusert innsatsen på trafikksikringssida. Derimot kjenner eg til at fylkeskommunen har løyvd midlar til trafikksikringstiltak som ikkje har kome til utføring. Dette av årsaker som ligg i kommunane og ikkje ved vårt eige vegkontor eller i fylkeskommunen. Dette er ei problemstilling som vi snarast må finna ei løysing på, sa fylkesvaraordføraren.

Nils Marton Aadland

20.09.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart