Også den tredje ferja i sambandet Sunde-Ranavik-Leirvik må gå etter det same rutemønster som dei to andre ferjene i sambandet frå 1. oktober i år, seier eit samrøystes Hordaland fylkesutval i ei fråsegn til opplegget for utvidinga av kapasiteten på strek
Forslaget som vart vedteke vart sett fram av Pål Kårbø (Krf) på vegner av alle partia i fylkesutvalet.
I vedtaket seier fylkesutvalet at det er behov for å styrkja kapasiteten i ferjesambandet Sunde-Ranavik-Leirvik i rushtida morgon og ettermiddag. For å kunna finansiera denne kapasitetsauken aksepterer fylkesutvalet at det so mellombels ordning fram til 1. mai 2003 kan opnast for ein takstauke tilsvarande to soner i riksvegferjeregulativet.
Fylkesutvalet vil likevel strekar under at når det er trafikkvekst i eit riksvegsamband, så må staten som ansvarleg for riksvegferjedrifta, følgja opp med å setja inn turvande magteriell utan at dei reisande må betala høgare takstar.
Les heile pressemeldinga frå fylkesutvalet
Stanley Hauge