Komité for miljø og samferdsel i Hordaland går inn for å verne sju nye vassdrag i fylket i samband med supplering av den nasjonale verneplanen for vassdrag. Etter at Stortinget vedtok supplering av verneplanen, er det kome forslag til vern av 350 nye vass
Dei sju vassdraga som komiteen tilrår å verne, er Guddalselva i Kvinnherad, Alsåkerelvi i Ullensvang, Rylandselva i Meland, Loneelvi på Osterøy, Øvstedalsvassdraget i Vaksdal/Voss, Hesjedalsvassdraget i Vaksdal og Nærøydalselvi på Voss/Vik/Aurland.
Tilrådinga er mot to røyster (Frp). Ottar Tangen (Frp) gjekk inn for at Guddalselva ikkje skulle vernast. Det fekk dei to røystene til Frp og fall. Hilde B. Kalleklev (RV) gjekk inn for å verne 11 vassdrag til: Vaulaelva i Etne, Voss/Rasdalselvi på Voss/Vaksdal, Botnaelva og Øysteseelva i Kvam, Kvitnoelva i Odda/Ullensvang, Haugsdals- og Romarheimsvassdraget i Masfjorden, Lindås og Modalen, Nøttveitelva i Modalen, Stølselvi i Modalen, Jondalselvi i Jondal og Samnangervassdraget i Samnanger.
Forslaget til vern av Vaulaelva fekk tre røyster (KrF, SV og RV) og fall. Forslaget til vern av dei andre elvane, fekk berre røysta til Kalleklev.
Bjarte Brask Eriksen