Vil oppretthalda bokbåten

Hordaland fylkesutval har vedteke å forhandla fram ny kontrakt med Bokbåten ”Epos”, slik at tenesta vert vidareført. Vedtaket vart gjort med 10 mot 5 røyster (H, Frp, uavh.). Bokbåten er eit godt og rimeleg kulturtilbod til grisgrendte strok, seier fylkes

Viktig kulturspreiar
Bokbåten ”Epos” yter bibliotektenester i grisgrendte strok i Hordaland og spelar ei viktig rolle i spreiing av kultur, informasjon og kunnskap. Dei siste åra har det vore reell nedgang på bokbåtbudsjettet til medieinnkjøp og kulturprogram. Omlegging av drifta i rederiet kombinert med auka krav til sikring, arbeidstidsordningar og sertifisering har ført til ein ekstra auke i leiga for 2003. Kontrakten med båteigar har ei oppseiingstid på 1 år og er på grunn av manglande dekning innanfor budsjettramma for 2003 sagt opp med verknad frå 10. september 2003.

Budsjettmessig dekning for ny avtale skal vurderast ved handsaming av budsjettet for 2003.

Mindretalet i fylkesutvalet røysta for eit forslag frå Sigrun Sangolt Natås (uavh.) om ikkje å forhandla fram ny kontrakt.

Les heile pressemeldinga frå fylkesutvalet

Stanley Hauge

10.10.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart