Vil ha gassferje Halhjem-Sandvikvåg

Komité for miljø og samferdsel i Hordaland ønskjer gassferjer på strekninga Halhjem-Sandvikvåg. Store hurtiggåande gassferjer vil redusere forureininga frå ferjene, og komiteen tilrår at desse reduserte utsleppa skal gå inn som ein del av løysinga for at

Denne tilrådinga er mot tre røyster (KrF, SV og RV). Desse tre partia går mot at utsleppsløyva til Naturkraft sine planlagde gasskraftverk på Kollsnes og Kårstø blir endra, og meiner det ikkje er sannsynleggjort at forureinande gasskraftverk vil redusere utsleppa av korkje CO2 eller NOx globalt.

Halhjem-Sandvikvåg er ferjestrekninga med størst trafikk i landet. I fjor frakta ferjene nærmare 600.000 køyretøy. Det er behov for å auke kapasiteten frå fire ferjer i dag til seks. Desse seks kan i staden bli erstatta av tre gassdrivne ferjer som har 50 prosent større fart og 50 prosent større kapasitet. Differansen i utsleppa av NOx frå dei fire ferjene i dag i høve til dei tre planlagde gassferjene blir like stor som utsleppa frå det planlagte gasskraftverket på Kollsnes.

Bjarte Brask Eriksen

26.10.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart