Vil framleis ha bokbåt i Hordaland

Komité for kultur og helse rår med 11 mot 6 røyster til at det vert forhandla fram ny kontrakt med Bokbåten "Epos", slik at tenesta vert vidareført.

Bokbåten ”Epos” yter bibliotektenester i grisgrendte strok i Hordaland og spelar ei viktig rolle i spreiing av kultur, informasjon og kunnskap. Dei siste åra har det vore reell nedgang på bokbåtbudsjettet til medieinnkjøp og kulturprogram. Omlegging av drifta i reiarlaget, kombinert med auka krav til sikring, arbeidstidsordningar og sertifisering har ført til ein ekstra auke i leiga for 2003. Kontrakten med båteigar har ei oppseiingstid på eitt år og er, grunna manglande dekning innanfor budsjettramma for 2003, sagt opp med verknad frå 10. september 2003.

Komité for kultur og helse går inn for at det vert forhandla fram ny kontrakt, slik at tenestetilbodet ikkje vert skadelidande. Budsjettmessig dekning må vurderast ved handsaming av budsjettet for 2003.

Vedtaket i komitéen vart gjort med 11 røyster mot 6 røyster (Frp/U, Frp, H) for eit forslag frå John Normann Mandelid (Frp/U) om å ikkje vidareføra bokbåtdrifta i Hordaland.

Saka skal opp i fylkesutvalet 10. oktober.

Eli Lothe

07.10.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart