Hordaland fylkesting har med 60 mot 7 røyster (SV og RV) vedteke at kraftverket og distribusjonsnettet på Valen skal organisert som to separate heileigde fylkeskommunale aksjeselskap. Fylkestinget gjev fylkesutvalet fullmakt til å gjennomføra denne omdann
Eksterne kundar
Bakgrunnen for omgjeringa til aksjeselskap heng saman med at fylkeskommunen framleis eig Valen kraftverk, medan sjukehuset er overteke av staten. Frå å levera kraft internt i fylkeskommunen vert det no føreteke kraftleveransar til eksterne kundar. Fylkesrådmannen har vurdert det slik at ein best kan sikra effektiv drift av kraftanlegget ved å gjera det til aksjeselskap.
Dersom der viser seg at kraftverksemda og distribusjonsnettverksemda må overførast til eitt akseselskap for at vilkåra om skattefri omdanning skal vera oppfylt, skal fullmakta også omfatta slik overføring.
Vurderte sal
Høgre og Fremskrittspartiet føreslo at det skal vurderast å selja Valen kraftlag, og å undersøkja kva pris marknaden vil gje. Forslaget fekk 24 røyster (H, Frp og uavh.) og fall.
SV føreslo at kraftverket og distribusjonsnettet ikkje skal skipast om til aksjeselskap, men til fylkeskommunale føretak. Forslaget fekk 7 røyster (SV og RV) og fall.
Stanley Hauge