Fylkesordførar Gisle Handeland vil ta Hordaland fylkeskommune sin vanskelege budsjettsituasjon for 2003 opp med finanskomiteen og kommunalkomiteen i Stortinget. Om statsbudsjettet blir vedtatt slik det ligg føre, vil det få alvorlege konsekvensar for tene
Skeivfordeling
I brevet peikar fylkesordfør Handeland på at Finansdepartement i oversikta over fylkesvise konsekvensar av statsbudsjettet skriv at Hordaland fylkeskommune i 2003 får ein vekst i dei frie inntektene som er 2 prosentpoeng lågare enn landsgjennomsnittet. Årsaka, skriv departementet, er m.a. at fylkeskommunen taper på sjukehusreforma. – Det har vi hevda heile tida, og eg vil på nytt be om at Stortinget går inn og rettar opp den sterke skeivfordelinga som fann stad ved oppgjeret, seier Handeland i brevet.
Kan råke Hordaland hardt
Ei omlegging som kan råka Hordaland særleg hardt, er den føreslegne endringa for dei tekniske fagskulane, påpeikar Handeland.
Regjeringa legg opp til at staten frå hausten 2003 skal finansiera fagskulane. Midlane som fylkeskommunane i dag brukar skal trekkjast inn og omfordelast. Hordaland er i den situasjon at vi har ca. 20 % av alle elevplassane i teknisk fagskule i landet. Vi vil få trekt ut av våre rammer alle midlane vi brukar til desse elevplassane. Vi fryktar at det statlege tilskotet til drift av fagskule-klassar her i fylket ikkje vil verta like stort som vår eigen innsats har vore, og at vi derfor kan koma i ein situasjon der vi må leggja ned fagskule-klassar frå hausten 2003, skriv fylkesordførar Handeland.
Les brevet til fylkesordførar Gisle Handeland

Stanley Hauge