Samarbeid om offentleg servicekontor

Det første offentlege servicekontor her i landet, der alle tre offentlege forvaltingsnivå samarbeider, er opna i Sveio kommune. Servicekontoret er eit samarbeid mellom kommunen, Hordaland fylkeskommune, Sunnhordland likningskontor, Sveio trygdekontor og A

På biletet framfor utstillinga til Hordaland fylkeskommune på servicekontoret ser vi frå venstre: Spesialkonsulent Hilde Indresøvde i Hordaland fylkeskommune, dokumentalist Siri Sjursen i Hordaland fylkeskommune, rådmann Odd Henry Dahle i Sveio kommune, dagleg leiar Svanhild Solhaug ved Sveio offentlege servicekontor, prosjektleiar Terje Olav Hermansen og Hildur Larsen, som representerer Sveio i fylkestinget.

All service er samla
Fordelen med servicekontoret er at all service er samla på ein stad og gjennom eitt telefonnummer.
- Servicekontoret er ein møteplass der innbyggjarane får betre tilgang til offentlege tenester. Sveio offentlege servicekontor set brukaren i sentrum, og er eit verktøy som skal gi brukaren rask tenesteyting, opplyser Svanhild Solhaug, som er tilsett som dagleg leiar. Kontoret har tilsette i 5,5 stillingar. I tillegg har kontoret pc til å søkje på internett, samt pc til å søkje etter ledige stillingar hos Aetat.

Redda éi stilling
I fjor vedtok Sveio kommunestyre å opprette servicekontorett. Rådmann Odd Henry Dahle har vore ein pådrivar. Han er svært nøgd med modellen dei har fått til og spesielt glad for at han har redda éi stilling frå å bli flytta ut av kommunen. Likningskontoret skulle nemleg leggast ned, men takka vere samarbeidet om servicekontor, får kommunen behalde ei heil stilling.

Opplæring og kursing
Dei seks tilsette har fått omfattande opplæring og kursing. 28. oktober skal dei på nytt kurs for å lære om offentleg informasjon på internett. Dagen etter blir det orientering om Hordaland fylkeskommune og omvising i Fylkeshuset i Bergen. Dette kurset er for alle som har kundebehandling på offentlege kontor og blir skipa til av Hordaland fylkeskommune.

Påmeldingsfristen er 21. oktober og påmelding skal sendast til

doksenter@post.hfk.no

eller til Hordaland fylkeskommune, Dokumentasjonssenteret, Postboks 7900, 5020 Bergen, telefon 55 23 93 76, faks 55 23 93 79

Første dag skal Øyvind Frisvold, Høyskolen i Oslo, avd. for journalistikk, bibliotek og informasjon forelese og ha praktisk gjennomgang, mens andre dagen er avsett til orientering om Hordaland fylkeskommune.

Kurset blir skipa til på Bergen Kongress Senter i Håkonsgaten og koster 300 kroner inkludert lunsj.

Meir informasjon om kurset på internett

Forankra i fylkesplanen
Hordaland fylkeskommune er engasjert i servicekontoret. Dokumentalist Siri Sjursen ved Dokumentasjonssenteret og spesialkonsulent Hilde Indresøvde ved Plan- og miljøseksjonen har delteke i planlegginga og bygd opp utstillinga til fylkeskommunen i servicesenteret.
- Offentlege servicekontor er forankra i fylkesplanen. Dette er framtida. Regjeringa har som mål at alle kommunar skal ha servicekontor innan 2003, seier Indresøvde og understrekar at det er viktig med partnarskap mellom stat, fylkeskommune og kommune for å få dette til.

Austevoll neste
Terje Olav Hermansen er tilsett som prosjektleiar for å skipe servicekontor i kommunane i Sunnhordland og Haugalandet.
- Planane vidare er å opne servicekontor i Austevoll, deretter Bømlo, seier Hermansen.

Bjarte Brask Eriksen

08.10.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart