Hordaland fylkesting har samrøystes vedteke å gje private helseinstitusjonar til saman 4,5 mill. kr i tilskot i samband med krav institusjonane har reist overfor fylkeskommunen i samband med staten si overtaking av spesialisthelsetenesta.
Diakonissehjemmets sykehus Haraldsplass får 2,0 mill. kr, Hospitalet Betanien 1,0 mill. kr, Bjørkli Voss psykiatriske senter 0, 8 mill. kr og Olaviken behandlingssenter 0,7 mill. kr. Solli nervesanatorium som også har fremja krav får ikkje noko.
Det samla kravet frå dei fem institusjonane overfor fylkeskommunen er på 50-60 mill. kr. Krava gjeld dekking av ei rekkje utgifter i samband med at institusjonane har kome ut med rekneskapsunderskot.
Krav som gjeld vedlikehald og etterbetaling av feriepengar vert avviste. Når det gjeld driftsunderskot, ser fylkeskommunen perioden 1994-2001 under eitt, sidan Hordaland fylkeskommune frå 1994 har praktisert ei ordning det institusjonane får behalda overskot og sjølv må dekka underskot. Samla for denne perioden ser Solli nervesanatorium ut til å utmerka seg med god økonomistyring, og har til og med 2001 kome ut med eit lite overskot. Dei andre institusjonane har hatt underskot.
Stanley Hauge