Fylkeskommunen har i år gjennomført ei rekkje sparetiltak, og økonomirapporten for dei åtte første månadene tyder på at ein unngår underskot i 2002. Målet til fylkesrådmannen er å få balanse i 2002, god kontroll i 2003 og økonomisk handlingsfridom i 2004.
Fylkesrådmannen foreslår tiltak som reduserer budsjetta innanfor dei fleste områda.
* Takstauke på 5 % for reiser med buss og båt frå 1. januar 2003.
* Nye kutt i fylkesvegvedlikehaldet.
* Nedlegging av to skular og to skulefilialar.
* Samanslåing av 12 vidaregåande skular.
* Mindre til lærartimar, støtteundervisning, vaksenopplæring.
* Mindre til kultur, næring, tannhelse og administrasjon.
* Uendra rammer for barne- og familievernet og rusvernet.
* Sund vidaregåande skule og tilbygg ved Stord vidaregåande skule får restløyving og opnar hausten 2003. Andre skuleinvesteringar, med unnatak av Bergens handelsgymnasium, vert utsette minst eitt år.
* Investeringane i fylkesvegar går ned frå 50 mill. kr til 40 mill. kr årleg.
I utdanningssektoren føreslår fylkesrådmannen å omstrukturera undervisningstilbodet ved å slå saman tolv skular til seks. Omstruktureringa medfører også at Osterøy vidaregåande skule og Manger folkehøgskule vert lagde ned. I tillegg er to filialskular foreslått lagde ned, og klassetalet er redusert ved fleire skular. Tilbodet innanfor vaksenopplæring er redusert, og tilbodet om særskilt undervisning er noko stramma inn. Alt dette er nødvendig for å finansiera skulepakke 2 og finansiera dei nye klassane som vart oppretta hausten 2002. I tillegg må sjølvsagt også utdanningssektoren dekka sin del av den generelle inntektsnedgangen.
Fylkesrådmannen har foreslått at dei fleste tiltaka i utdanningssektoren skal setjast i verk frå hausthalvåret 2003.
I samferdselssektoren er takstane for kollektivtrafikken foreslått auka med gjennomsnittleg 5 % frå 1. januar 2003. Fylkesvegvedlikehaldet er redusert, det vert lagt opp til reduserte utgifter for skuleskyss, transportordninga for funksjonshemma er stramma inn og det er forslag om redusert produksjon både for båt- og bilruter.
På kultursektoren er budsjettnivået redusert innanfor dei fleste postane. Innanfor næringsområdet er budsjettet redusert monaleg. Statsbudsjettet vil her avklara korleis fylkeskommunen skal få innverknad på styringa av dei statlege regionale midlane. Opplegget er at fylkeskommunane skal få delegert ansvaret for midlar som tidlegare vart fordelte på sentralt hald. Dette punktet må ein koma attende til etter at statsbudsjettet er lagt fram.
Fylkesrådmannen sitt budsjettgrunnlag inneber at administrasjonsbudsjetta vert reduserte med 5,8 mill. kr i 2003. Over to år er budsjetta for fylkesadministrasjonen dermed stramma inn med 10,7 mill. kr.
Løyvingane til rusvern og barne- og familievern vert oppretthaldne på årets nivå. For barne- og familievernet ligg budsjettet likevel noko under behovet som er varsla, heiter det i budsjettomtalen.
Arbeidet med budsjettgrunnlaget for 2003 har vore det vanskelegaste på mange år. Dei stramme økonomiske rammene gjer at ein må redusera tilbodet på mange felt i 2003 samanlikna med 2002. Dette er ein smerteleg prosess. Særleg vanskeleg er det å foreslå reduksjonar på sektorar og område der ein veit at behovet og ynskja langt frå er oppnådde. Tiltaka er likevel nødvendige slik den økonomiske situasjonen er, skriv fylkesrådmannen i budsjettomtalen.
Årsbudsjett 2003 og økonomiplan 2003-2006

Stanley Hauge