
Frå utdelinga av prisen ser vi: Kst. fylkeskultursjef Svein Schrøder Amundsen (f.v.), biblioteksjef i Odda, Margarethe Langfeldt, kulturplanlegger Sissel Aarseth (no kulturkonsulent i Kvinnherad kommune), Nina Kongtorp, tenestestedsleiar Meieriet kulturhus, Odda kommune, fylkesleiar i NOKU Stein Haugen.
Prisen er ein heiderspris oppretta av Norsk Kulturforum (NOKU) for å fokusere på kommunane sitt kulturengasjement og deira innsats for det lokale kulturlivet.
Noregs kulturkommune
Odda skal delta i konkurranse med kulturkommunane i dei andre fylka i landet om å bli Noregs kulturkommune. Ein nasjonal jury vurderer fylkeskandidatane og nominerer tre kommunar. Desse vil få presentere seg i Oslo i januar 2003 der ”Noregs kulturkommune 2003” vil bli kåra.
Jury
I juryen i Hordaland sat fylkesordførar Gisle Handeland, Albrigt Sangolt frå KS Hordaland og Stein Haugen – leiar i NOKU Hordaland.
Grunngjeving
I grunngjevinga til juryen heiter det om Odda kommune mellom anna at den har eit allsidig og godt utbygd kulturtilbod særmerkt med eit svært godt fungerande bibliotek, gode og varierte idrettsanlegg, moderne kino, stort engasjement i høve nasjonale institusjonar som NVIM i Tyssedal og Røldal stavkyrkje, samt regionale og lokale kulturinstitusjonar, eit godt støtteapparat for eit oppegåande frivillig lagsliv, frivillighetssentral, kulturfond, kulturminnefond, utsmykkingsfond, for å nemna noko.
Det viktigaste argumentet for årets tildeling har likevel vore at:
Odda er ein kommune i sterk omstilling med nedlegging av tradisjonelle industriarbeidsplassar, negativ folketalsutvikling og dermed store problem med å halda opp dei generelle tenestetilboda. Nett i denne situasjonen vel dei å løfta fram kultursatsinga som motvekt til negative tendensar og som kveik i omstillingsprosessen.
Ambisiøs kulturplan
Dei gjer det ved å setja av eit årsverk til å utarbeida ein ambisiøs kulturplan med ein svært konkret handlingsdel som bind opp kommunen økonomisk. Og dei ser ut til å gjera det i den pågåande budsjettprosessen. I rådmannens framlegg vil kulturen komma styrkja ut medan svært mykje anna må tola sparekniven framover.
Positiv kjerring mot straumen
Vi ser derfor på Odda kommune som ein ”positiv kjerringa mot straumen” og dermed ein svært verdig kandidat til heidersprisen Noregs Kulturkommune 2003. Vi vonar at utnemninga vil gje ein positiv giv vidare.
Stanley Hauge