Nytt billetteringssystem for kollektivtrafikken

Det er stort behov for nytt billetteringssystem for kollektivtrafikken i Hordaland. Hordaland fylkeskommune har i samarbeid med Rogaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar utgreidd eit nytt og betre system. Prosjektet har fått namnet «Reis i vest». Fylke

49 mot 18
Fylkestinget vedtok med 49 mot 18 røyster at prosjektet skal førast vidare i regi av fylkeskommunen i samarbeid med selskapa og Bergen kommune (Bybaneprosjektet). Mindretalet (SV, Frp, RV og uavh.) støtta eit forslag frå SV og Frp om at det skal innleiast drøftingar med transportselskapa om ein avtale der selskapa får ansvar for finansiering og innkjøp av det nye systemet.

Fylkestinget sitt vedtak:
1. «Fylkestinget går inn for ei vidareføring av Reis i Vest – prosjektet i eit hovudprosjekt. (Vedteke mot 18 røyster (SV, RV, Frp og uavh.).)
2. Fylkestinget legg til grunn at det vert bygd vidare på visjonen for prosjektet om at det skal vere enkelt å reise saman i vest, og at dette vert synleggjort i eit nytt billetteringssystem der det vert lagt hovudvekt på rask og enkel billettering, enkle rutinar for statistikk og rapportering og opning for selskaps- og grenseoverskridande billettering. (Vedteke mot 18 røyster (SV, RV, Frp og uavh.).)
3. Fylkestinget legg til grunn at eit nytt billetteringssystem har opning for at det på sikt kan knytast opp til nye tenester som kan styrke kollektivtrafikken. (Vedteke mot 10 røyster (SV, RV, uavh.).)
4. Fylkestinget viser til utgreiing om finansiering og registrerer at det er fleire moglege finansieringsløysingar. Fylkestinget føreset at dette arbeidet blir gitt høg prioritet, slik at sak om finansieringsløysing for nytt billetteringssystem kan handsamast i fylkestinget sitt møte i desember 2002. (Vedteke mot 14 røyster (H, …).)
5. Fylkestinget legg til grunn at det vert aktivt arbeidd inn mot Samferdselsdepartementet for å få opna opp for finansiering av billetteringsutstyr med riksvegmidlar. (Vedteke mot 2 røyster.)
6. Fylkestinget føreset at prosjektet vert vidareført i regi av fylkeskommunen og i samarbeid med selskapa samt Bergen kommune (Bybaneprosjektet), og at det vert sett av prosjektmidlar innanfor rammene til Strategi- og handlingsplanen for kollektivtrafikken i Bergensområdet. (Vedteke mot 18 røyster (SV, RV, Frp og uavh).)»

Les heile pressemeldinga frå fylkestinget

Stanley Hauge

16.10.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart