Ny utvalsstruktur og ti færre i fylkestinget

Hordaland fylkesting har vedteke ny politisk organisering som skal gjelda frå fylkestingsvalet hausten 2003. Talet på medlemer i fylkestinget vert frå same tid 57, 10 færre representantar enn no.

62 mot 5
Talet på representantar vart vedteke med 62 (Ap, H, Krf, Sp, SV, V, RV og uavh.) mot 5 røyster (Frp).
11 representantar, Fremskrittspartiet og seks uavhengige, gjekk inn for å redusera talet på representantar til 43 slik Fremskrittspartiet føreslo. Kristeleg Folkeparti føreslo 49 medlemer i fylkestinget, og fekk 27 røyster (Krf., H og Frp) for dette forslaget. Eit forslag frå Senterpartiet om 63 medlemer fekk 16 røyster (Sp, SV, RV, V og uavh. (Øydvin)). Etter at desse nemnde forslaga hadde falle, røysta Krf, H, Sp, RV, SV, V og uavh. subsidiært for 57 medlemer. Forslaget om 57 medlemer var sett fram av Arbeidarpartiet.

Omorganisering av politiske organ
Fylkestinget har også vedteke omorganisering av dei politiske organa for å tilpassa dei til fylkeskommunen sine oppgåver. Ved nyordninga som skal setjast i verk frå komande valperiode (hausten 2003), skal det i tillegg til fylkesutvalet vera kontrollutval og tre andre utval.
Det vert oppretta eitt utval med arbeidsområde kultur, areal og miljø, eitt for utdanning, helse og sosial og eitt for samferdsel. Kvart av desse utvala skal ha 13 medlemer. Fylkesutvalet skal som no ha 15 medlemer, medan kontrollutvalet får 5 medlemer. Av dei fem medlemene i kontrollutvalet skal tre veljast mellom fylkestinget sine medlemer, og leiar og nestleiar i kontrollutvalet skal vera mellom dei som er valde frå fylkestinget.
Utvala skal få tildelt vedtaksmynde innanfor nærare definerte budsjettpostar. Nærare detaljar skal fastsetjast gjennom reglementsendringar i ei seinare sak.

Delt i synet på areal og miljø
Fylkestinget var delt i synet på kva utval saksfelta areal og miljø skal sortera under. Med 34 (Ap, Krf, V, 3 Sp og 1 uavh. (Øydvin)) mot 33 røyster (H, Frp, SV, RV, 2 Sp og uavh.) vart det vedteke at kultur, areal og miljø skal høyra under same utval. Mindretalet gjekk inn for at areal og miljø skulle leggjast saman med samferdsel.
Fylkesutvalet skal vera administrasjonsutval. På dette punktet er det ein føresetnad at det vert oppnådd semje med arbeidstakarorganisasjonane.

Endra ansvarsområde
Bakgrunnen for saka er fylkeskommunen har fått endra ansvarsområde i samband med statleg overtaking av spesialisthesetenesta, og andre vedtekne og venta endringar av oppgåvefordelinga mellom stat, fylke og kommunar.

Les heile pressemeldinga frå fylkestinget

Stanley Hauge

17.10.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart