«Alle i Hordaland skal ha høve til og bli stimulert til å utøva idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv etter eige ønske og føresetnader i sitt eige nærmiljø,» er hovudmålet for fylkesdelplanen for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv som Hordaland fyl
Mål og visjon
Planen inneheld mål, visjon og fylkespolitiske retningsliner. Prioritering av tiltak for iverksetjing vil fylkestinget koma attende til i samband med årsbudsjett og økonomiplanar.
Samordna
I fylkesdelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv er det lagt vekt på å få fram det offentlege si verksemd, ressursbruk og ansvar innan feltet. Planen er ei rullering av Sektorplan for anlegg til idrett og friluftsliv i Hordaland og delvis rullering av Fylkesdelplan for friluftsliv i Hordaland. Planen tek sikte på å samordna statleg, fylkeskommunal og kommunal verksemd i kommunane og er oppteken av korleis idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv kan stimulera til betre folkehelse og bera vidare tradisjonen om Hordaland som eit idrettsfylke.
Fire hovudtema
Dei fire hovudtema i planen er: folkehelse, sosialisering og samfunnsbygging, areal og anlegg og regional utvikling. Fysisk aktivitet har både ei helsemessig side, ei sosial- og samfunnsmessig side, ei anlegg- og arealmessig side og er ein viktig del i fylkeskommunen si rolle som aktør innan regional utvikling.
Dersom intensjonen i planen skal følgjast opp fullt ut må fylkeskommunen sine løyvingar til idrett og friluftsliv aukast.
Stanley Hauge