Fylkestinget har samrøystes vedteke ny fylkesdelplan for biblioteka i Hordaland 2002-2005. Planen sitt hovudmål set brukarane i sentrum. Den inneheld 6 strategiar og 24 tiltak. Planen gjev retning for og konkretiserer bibliotekarbeidet i Hordaland.
Regional utviklingsaktør
Strategiar og tiltak er med på å styrkja fylkeskommunen sine roller som regional utvikingsaktør og som tenesteytar. Tiltaka er kostnadsrekna og midlar til å finansiera dei ulike tiltaka må avklarast i økonomiplan og årsbudsjett. Realisering av tiltaka må vurderast i høve til dei økonomiske rammevilkåra for fylkeskommunen.
40 fråsegner
Planen vart i mai sendt ut til ei rekkje høyringsinstansar med høyringsfrist 4. juli 2002. Det er kome inn 40 fråsegner til planen. Mange kommunar seier at dei tidlegare fylkesdelplanane har vore med på å heva standarden på bibliotektenestene i Hordaland, og at det er viktig å ha eit bibliotekorgan på fylkeskommunalt nivå som kan setja i gang utviklingstiltak, fordi dei fleste folkebiblioteka har få ressursar og lite personale til å driva utviklingsarbeid. Fleire av høyringane gjev også uttrykk for at planen er ei god rettesnor og styringsdokument for utviklingsarbeidet i eigen kommune, og at ein sikrar ei strukturert utvikling for alle folkebiblioteka i fylket.
Stanley Hauge