- Hordaland fylkeskommune får ein kraftig realnedgang i inntektene neste år. Nedgangen blir på langt over to prosent, sa fylkesordførar Gisle Handeland i talen då han opna fylkestinget i Bergen tysdag 15. oktober.

Manko på nær 100 millionar
- Totalt får Hordaland fylkeskommune ein manko på nær 100 millionar kroner neste år samanlikna med i år, sa fylkesordføraren. - Vi tapar 40 millionar kroner på overgangsordningane i samband med at staten tok over spesialisthelsetenesta. Vi får 15 millionar kroner mindre i momskompensasjon, og skulepakke to er underfinansiert av staten, slik at vi får 18 millionar kroner i meirutgifter.
Kommunalkomité og Hordalandsbenk
Denne saka vart teken opp då kommunalkomiteen på Stortinget vitja Hordaland i slutten av september og fylkesordføraren skal forfølgje saka vidare i møte med Hordalandsbenken på Stortinget i neste veke.
Slåande kontrast
- Vi får håpe at Stortinget ikkje kan sitje og sjå på at tenestetilbodet, mellom anna den vidaregåande skulen og kollektivtrafikken blir bygd ned, i slåande kontrast til det som blir ropt ut frå gater og streder av partileiarar og Regjering, sa fylkesordføraren.
Les heile talen til fylkesordførar Gisle Handeland
Bjarte Brask Eriksen