- Vi må få orden på fylkesøkonomien. Vi er komne eit stykke på veg når vi kan leggje fram ein rapport som tyder på at vi kan få balanse i rekneskapen i år, sa fylkesrådmann Paul M. Nilsen i talen sin til Hordaland fylkesting 15. oktober.
Glede oss
- Vi har riktig nok tært på skulefond for å komme i denne situasjonen, men vi får likevel glede oss over at det ser såpass bra ut, sa fylkesrådmannen som kom med denne klare oppmodinga om budsjettet for 2003: - Resepten er å vedta eit budsjett i desember som det går an å leve etter utan nye innsparingar gjennom året og som dermed gjev arbeidsro og færre negative oppslag.
Åtvaring
Om budsjettforslaget for 2003 kom fylkesrådmannen med ei klar åtvaring.
- Heile budsjettet er nøye gjennomgått med sikte på å finne poster og konkrete tiltak som kan klare seg med litt lågare sum. Eg vil ikkje hevde at dette er einaste mogeleg svar på budsjettutfordringane våre. Eg tillet meg likevel å rette ei klar åtvaring mot endringar som vil svekke budsjettet.
Pedagogisk problem
Statsbudsjettet for 2003 svekkar situasjonen for Hordaland fylkeskommune marginalt, seier fylkesrådmannen.
- Problemet, slik eg ser det, er ikkje først og fremst at statsbudsjettet er stramt, men så lenge vi har 100 milliardar kroner i overskot på statsbudsjettet, har vi eit pedagogisk problem. Folk skjønner rett og slett ikkje kvifor vi må halde igjen på prioriterte område som skule og kollektivtrafikk. Heller ikkje eg skjønner det, men det er mogeleg å leve vidare både innanfor rammene til statsbudsjettet og mitt eiga budsjettforslag for fylkeskommunen, sa fylkesrådmannen til fylkestinget.
Les heile talen til fylkesrådmann Paul M. Nilsen

Bjarte Brask Eriksen