Hordaland søkjer ikkje om forsøk med einskapsfylke

Fylkestinget har vedteke at Hordaland ikkje skal søkja om å delta i forsøk med einskapsfylke, dvs. ei felles organisering av fylkeskommunen og fylkesmannen sine oppgåver. Vedtaket vart gjort med 50 mot 17 røyster (H, V og uavh. (J. Øydvin)).

Mindretalet i fylkestinget støtta eit forslag frå Atle Mildestveit (V) om at Hordaland skal søkja om å delta i forsøk med einskapsfylke. I forslaget frå Mildestveit heiter det at hovudmålsetjinga med å søkja om forsøksordning, skal vera å styrkja det regionale og lokale folkestyret. Forslaget hans gjekk også ut på at fylkesrådmannen skal vera leiar for einskapsfylket.

Stanley Hauge

19.10.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart