Gassbussprosjektet skal halde fram

Komité for miljø og samferdsel tilrår mot tre røyster at gassbussprosjektet i Hordaland har vore vellukka og skal halde fram. Målet er 80 gassbussar og å byggje fyllestasjon nummer tre.

I 2004 blir det behov for tre millionar kroner som fylkeskommunal del av den vidare utbygginga. Vidare er det ein føresetnad at staten medverkar med seks millionar kroner. Dette var eit fellesforslag av Arne Jakobsen (A) på vegner av A, H, Sp og Frp). Dei tre som røysta mot var KrF, SV og RV, som ikkje er nøgd med gassbussprosjektet. Mindretalet viser til at moderne dieselbussar har svært lite ureining, og at personbilar står for 80-90 prosent av utsleppa.

Til no er det bygt to fyllestasjonar for naturgass i Bergensområdet, og 43 bussar går på gass.

Bjarte Brask Eriksen

27.10.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart