Fylkestinget har vedteke at Hordaland fylkeskommune skal søkja om å få overta ein del statlege oppgåver. Kommunal- og regionaldepartementet har invitert fylkeskommunane til å fremje slike søknader.
56 mot 11
Vedtaket om å senda søknad vart gjort med 56 mot 11 røyster (Fremskrittspartiet og seks uavhengige representantar). Nokre av einskildpunkta vart vedtekne med andre røystetal.
Fylkestinget legg til grunn at den regionale utviklingsrolla krev at fylkeskommunen styrer dei sentrale regionalpolitiske verkemidlane som krev politisk skjønn, og at det vil vere naturleg å søkje om forsøksordningar.
Fylkestinget vedtok at det skal arbeidast vidare med søknader om forsøk innan følgjande område:
a. Fylkeskommunal overtaking av planleggingsansvar og bindande prioriteringar av riksvegar, ansvar for riksvegferjer, planlegging og forpliktande prioritering av stemvegprosjekt i regionen samt disponering av midlar til fysisk tilrettelegging for kollektivtransport. Rogaland fylkeskommune har vedtatt å sende ein søknad om dette, og har invitert dei andre fylka som skal delta i Vestlandssamarbeidet til å slutte seg til forsøket.
b. Fylkeskommunalt totalansvar for kompetanseutvikling for nivået mellom grunnskule og høgskule. Gjennom dette få overført utviklingsoppgåvene som i dag ligg til Statens utdanningskontor. Ei hovudutfordring må vera å utvikla gode partnarskap med universitets- og høgskulenivået for å fremja kompetanseutvikling som vil tena næringslivet i regionen.
c. Havbrukskonsesjonar. Søknaden omfattar mynde til å tildele konsesjonar og lokalitetar for alle artar.
d. Kulturoppgåver: Søknaden omfattar overtaking av sentrale verkemiddel innan kultur og idrett, med unnatak av dei midlane som i dag vert fordelte gjennom dei nasjonale paraplyorganisasjonane.
e. Heile SND-systemet og utviklingsoppgåver ved landbruksavdelinga hos fylkesmannen.
f. Overtaking av overvakings- og analysefunksjonen samt visse økonomiske verkemiddel ved Aetat knytt til iverksetjing av arbeidsmarknadstiltak.
Fylkestinget seier i vedtaket sitt at dei prinsipalt ynskjer at forsøka skal gjennomførast i samarbeid med deltakarane i Vestlandsrådet.
Søknad skal sendast Kommunal- og regionaldepartementet. Dersom departementet finn søknadene aktuelle, vil endeleg søknad bli sendt inn innan 1. februar. Fylkestinget har gjeve fylkesutvalet fullmakt til å godkjenna søknad om forsøk med over med overtaking av statlege oppgåver.
Stanley Hauge