Gassbussprosjektet i Hordaland har vore vellukka og skal halda fram til målet om 80 gassbussar og tre fyllestasjonar er nådd, seier Hordaland fylkesutval i eit vedtak i samband med evalueringa av prosjektet.
Pr. i dag er det 43 gassbussar i Bergensområdet og det er fyllestasjonar i Åsane og på Straume.
Tre millionar frå fylket, seks millionar frå staten
Fylkesutvalet legg til grunn at det i 2004 vert vurdert å avsetja tre millionar kroner som fylkeskommunal del til sluttføring av gassbussprosjektet. Vidare er det ein føresetnad at staten medverkar med seks millionar kroner. Fylkesutvalet føreset at Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune tek spørsmålet om statleg medverknad opp med sentrale styresmakter.
Ikkje rom for
Magnhild Furdal (Krf) fremja fylkesrådmannen sitt forslag om at fylkeskommunen ikkje finn rom for å gje ytterlegare tilskot til gassbussprosjektet ut over det som alt er vedteke. Forslaget fekk fire røyster (Krf og SV) og fall.
Ikkje nøgd
Bjørn Lothe (SV) føreslo at fylkesutvalet skulle vedta et ein ikkje er nøgd med gassbussprosjektet og frysa alle løyvingar til prosjektet. I forslaget vart det også vist til at moderne dieselbussar har svært lite ureining, og at personbilar står for 80-90 prosent av utsleppa. Forslaget fekk ei røyst (SV) og fall.
Les heile pressemeldinga frå fylkesutvalet
Stanley Hauge