Seks nye vassdrag i fylket bør vernast, seier Hordaland fylkesutval i ei fråsegn om supplering til den nasjonale verneplanen for vassdrag. Etter at Stortinget vedtok supplering av verneplanen, er det kome forslag til vern av 350 nye vassdrag her i landet
Fylkesutvalet går samrøystes inn for at desse fem vassdraga skal få status som verna vassdrag: Rylandselva i Meland, Loneelvi i Osterøy, Øvstedalsvassdraget i Vaksdal/Voss, Hesjedalsvassdraget i Vaksdal og Nærøydalselvi i Voss/Vik/Aurland. Med ti mot fem røyster (H, uavh.) vedtok fylkesutvalet at Vaulavassdraget med Langfoss bør vernast heile året. Dette forslaget var sett fram av Magnhild Furdal (Krf).
Ikkje vern av to elvar
Komiteen for miljø og samferdsel hadde innstilt på at også Guddalselva i Kvinnherad og Alsåkerelvi i Ullensvang skulle stå på vernelista. Etter forslag frå Kjellaug Holm (H) og Magnar Lussand (Sp) vart desse to elvane ikkje tekne med på verneforslaget frå fylkesutvalet. Berre Bjørn Lothe (SV) røysta for at Guddalselva skulle stå på vernelista, medan fylkesutvalet var samrøystes i synet på at Alsåkerelvi ikkje skulle takast med på vernelista.
Verneforslag frå SV
Bjørn Lothe (SV) gjekk inn for å verne også desse vassdraga: Voss/Rasdalselvi på Voss/Vaksdal, Botnaelva og Øysteseelva i Kvam, Kvitnoelva i Odda/Ullensvang, Haugsdals- og Romarheimsvassdraget i Masfjorden, Lindås og Modalen, Jondalselvi i Jondal og Samnangervassdraget i Samnanger. Forslaget fekk Lothe si eiga røyst og fall.
Stanley Hauge