Vil halda på kvalitetskontraktar

Den nogjeldande ordninga med kvalitetskontraktar med ruteselskapa skal vidareførast fram til utgangen av 2007, rår fleirtalet i Hordaland fylkesutval til i saka om fylkeskommunen sine innkjøp av rutetenester frå 1.1. 2004. Tilrådinga er gjort med åtte (Ap

Mindretalet i fylkesutvalet (H, Frp, V, uavh., 1 Krf) rår til at rutetenestene i Hordaland skal lysast ut på anbod frå 1.1. 2004.

I tilrådinga frå fleirtalet heiter det m.a. at det i dei nye kvalitetsavtalane skal leggjast inn føringar med krav om at det vert kjøpt inn fleire bussar med betre tilgjenge for eldre og funksjonshemma. Vidare skal det leggjast til grunn at det ein sparar gjennom bruk av kvalitetskontraktar skal tilbakeførast til styrking av kollektivtransporten i fylket.

Endeleg avgjerd skjer i fylkestinget 10.-12. desember.

Stanley Hauge

22.11.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart