Vil ha to gratisferjer i Nordhordland

Hordaland fylkesutval ønskjer å ha prøveordning med to gratisferjer i Nordhordaland. Dei aktuelle sambanda er kabelferja mellom Duesund og Masfjordnes, og ferja til Fedje.

Unikt prosjekt
Årsaka til at desse to sambanda vert prioriterte er at kabelferjeprosjektet Duesund-Masfjordnes er eit unikt prosjekt her i landet, og at det er viktig å styrkja busetnad, næringsliv og intern kommunikasjon i ein kommune som slit med fråflytting. Om ferjesambandet til Fedje peikar fylkesutvalet på at Fedje er eit øysamfunn utan andre kommunikasjonar.

Riksvegferjesamband
Begge dei to strekningane er riksvegferjesamband, og det er såleis staten som må gjera vedtak om det skal verta gratisferjer.
I sambandet Duesund-Masfjordnes utgjer billettinntektene ca. 1,5 mill. kr årleg og på strekninga Sævrøy-Fedje er inntektene ca. 1 mill. kr årleg. Bortfall av desse inntektene må erstattast av tilsvarande auke i staten sine utgifter til ferjedrifta.

Stanley Hauge

03.11.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart