Vestlandsråd med fire fylke, fem medlemer frå kvart

Vestlandsrådet som skal opprettast frå 1. januar 2003 får fem medlemer frå kvart av dei fire fylka som er med i rådet, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Hordaland fylkesutval er positiv til at også Møre og Romsdal fylkeskommune ogs

Fylkesutvalet rår til at fylkestinget i 10.-12. desember i år godkjenner utkastet til vedtekter og førebels handslingsplan. Like eins at Rogaland fylkeskommune skal ha leiarvervet første perioden frå årsskiftet og til etter fylkestingsvalet hausten 2003.

Vedtekter
Viktige punkt i vedtektene er:
· Samarbeidet er eit interfylkeskommunalt samarbeidsorgan forankra i Kommunelova si § 27.
· Kvart fylkeskommune skal ha 5 medlemer i rådet, medrekna fylkesordførar og fylkesvaraordførar. Dei tre andre skal vere valt av og blant fylkestinget sine medlemer.
· Leiarvervet vil rotere mellom fylkesordførarane i rådet.
· Fylkesrådmannen i det fylket som har leiarvervet, har innstillingsrett til rådet og er leiar av sekretariatet.
· Fylkesrådmennene har ansvar for sekretariatet. I kvar fylkeskommune må det utpekast medarbeidarar som har eit særleg ansvar for å medverke i ”Vestlandssakene”. Sekretariatet skal etablerast ved interne omdisponeringar, ikkje ved å auke talet på tilsette.
· Rådet gjer vedtak med vanleg fleirtalsinnstilling.
· Fylkeskommunane dekkjer eigne driftsutgifter til deltaking og til leiarskapet i rådet. Det blir sett av ein pott på til saman 1 mill. kr i 2002 til fellestiltak. Kvar fylkeskommune skal dekkja ein fjerdedel av denne summen. For fellesprosjekt skal utgiftene bli fordelt i kvart einskild tilfelle knytt til kvar fylkeskommune sine interesser og deltaking i prosjekta.

Førebels handlingsplan
Den førebels handlingsplanen for Vestlandsrådet skal leggjast til grunn for arbeidet i Vestlandsrådet frametter våren 2003, og gjev ambisjonar for samarbeidet i rådet i startfasen. Denne inneheld følgjande:
· Utarbeide handlingsplan for Vestlandsrådet som skal handsamast i fylkestinga i juni 2003. Arenabygging med sentrale samarbeidspartar, både i samband med utarbeiding av handlingsplanen og på permanent basis
· Ivareta regionalpolitiske interesser for Vestlandet
· Arbeide vidare med å få etablert forsøk med overtaking av statlege oppgåver.
· Kulturregion Vestland.
· Marin sektor – forprosjekt.
· Internasjonalt samarbeid/Brussel-kontor.

Hordaland fylkesting skal handsama saka på tinget 10.-12. desember.

Les heile pressemeldinga frå fylkesutvalet 20. november 2002

Stanley Hauge

20.11.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart