Uendra opplegg ruta Kvinnherad - Os

Det nogjeldande opplegget for snøggbåtruta Sunnhordland-Kvinnherad-Os skal førast vidare, har Hordaland fylkesutval vedteke. Vedtaket vart gjort med ti mot fire (2 H, 1 Sp, 1 Krf) røyster.

Fylkesutvalet følgjer dermed opp tilrådinga frå ad hoc-gruppa som har vurdert ruteopplegget og tilrådinga frå komiteen for miljø og samferdsel.

Magnar Lussand (Sp) føreslo å leggja ned snøggbåtruta mellom Kvinnherad Os frå 1. mai 2003 og vinterruta på Hardangerfjorden frå neste vinter. Dei nedlagde rutene føreslo han erstatta med ny ekspressbåtrute mellom Rosendal og Flesland/Bergen frå 1. mai 2003. Forslaget la opp til at fylkesrådmannen skulle få i oppdrag å arbeida vidare med løysingar som best mogleg kan ivareta behovet til dei som vert ramma av endring i snøggbåtrutestrukturen. Dette forslaget fekk fem røyster (2 H, 1 Sp, 1 Krf og 1 uavh.) og fall.

Stanley Hauge

23.11.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart