Den markerte trafikkauken over Nordhordlandsbrua held fram. I oktober auka trafikken med 4,5 prosent samanlikna med same månad året før. Parallelt med at inntektsauken held fram, viser det seg at sluttrekninga for prosjektet Nordhordlandsbrua blir reduser
Det rettslege oppgjeret med entreprenøren er no avslutta og prosjektet Nordhordlandsbrua kan dermed avsluttast formelt.
Restsummen etter sluttrekninga mot AF Salhus Flytebru og etter at alle krav er innfridde, er på vel 4,2 millionar kroner. Denne summen er overført til Hordaland fylkeskommune, bompengeselskapet Nordhordlandsbrua.
I tillegg har det i bompengerekneskapen stått vel 3,3 millionar kroner som gjeld tilbakehalden sikkerhetsstillelse. Også desse midlane blir no stilt til rådvelde for bompengeselskapet.
Til saman blir 7,58 millionar kroner no overført til bompengeselskapet Nordhordlandsbrua.
Netto sluttsum for Nordhordlandsbrua med tilførselsvegar er på 873 017 millionar kroner. Dette er investeringsutgiftene som blir nedbetalte med bompengar. I tillegg kjem dei statlege løyvingane.
Framleis trafikkauke
Også i oktober månad var det markert trafikkauke over Nordhordlandsbrua. 280.005 køyretøy passerte over brua, noko som gir eit snitt på 9032 passeringar pr. døger. Dette er ein auke på 4,5 prosent i høve til oktober i fjor. Etter 10 månader er trafikkauken på 5,2 prosent i høve til 2001.
Med ein trafikkauke på 4 prosent tilseier prognosane at Nordhordlandsbrua er nedbetalt i 1. kvartal 2006.

Nils Marton Aadland