God utvikling i heile fylket
Fylkeskommunen skal aktivt og medvite bruke mynde, verkemiddel og handlingsrom slik at det fremjar ei god utvikling i heile fylket.
- Gjennom aktivt samarbeid med kommunane vert vi betre i stand til å hevde interessene til fylket og utvikle ressursane til Hordaland. Felles regional politikk og prioriteringar skal demme opp for unødig statleg styring og styrke den lokale folkevalde makta, seier fylkesordførar Gisle Handeland i forordet til strategidokumentet.
Overta regionale oppgåver
Fylkeskommunen skal arbeide for å overta regionale oppgåver som i dag sorterer under statlege organ, for dermed å sikre ei betre regional styring og tilpassing under folkevald leiing.
- Vi vil arbeide for å få råderett over fleire ressursar og verkemiddel for å utvikle fylket vårt, seier fylkesordføraren.
Samfunnsutviklar
Den nye fylkeskommunen skal ha eit overordna politisk ansvar for å utvikle eit attraktivt og konkurransedyktig fylke. Rolla som samfunnsutviklar og leiar av regionalt samarbeid skal styrkast, og fleire regionale utviklingsverkemiddel skal styrast av fylkeskommunen.
Medspelar for kommunane
Fylkeskommunen skal vere medspelar for kommunane, og saman med dei arbeide aktivt for å påverke den nasjonale politikken å alle område som har noko å seie for utviklinga av fylket vårt. Fylkeskommunen skal vere pådrivar og initiativtakar for å møte utfordringar som går på tvers av kommunegrensene i Hordaland, og som går på tvers av fylkesgrensene på Vestlandet.
Strategidokumentet ”Ein fylkeskommune for Hordaland” er utarbeidd av ei politisk arbeidsgruppe og vedteke av fylkestinget 11. juni 2002.
”Ein fylkeskommune for Hordaland” (pdf-fil)

Bjarte Brask Eriksen